Kalender

sep
17
fre
Meditasjon og Naturleg Friluftsliv Retreat 2021 @ Ålstveit i Hemsedal
sep 17@19:00-sep 19@19:15

Dette retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit som har lang erfaring  i praksisen.  Jem leiar
Fjellsangha i Hemsedal, er øko-småbrukar, arbeider med Grøn omsorg og vegledning i
meditativ friluftsliv og naturlege, mindfull movements/ Qi Gong.
Alle er velkomne!

Info om påmelding og betaling nedst.

Som  vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med
meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, foredrag, gruppesamtaler måltidspraksis,
økofilosofiske innslag mm… Vi legg opp til ein lengre felles gåmeditasjon ute på laurdag –
forhåpentlegvis på snaufjellet. Det blir ein kortare tur på Sundag. Retreatet blir på norsk
med moglegheit for oversetjing til engelsk .

Antall deltakarar blir maks 8. min. 4. Ta gjerne kontakt tidleg for å sjekke om ledige plassar.
Vi må også ta omsyn til endringer som kan bety at retreat må utsetjast.

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles lett måltid kl.1900. Retreatet sluttar på
sundags ettermiddag kl.1400. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om
du lurar på noko vedr. tidene.

Om Lokalet:
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over
høgfjell og skog med mange fine naturstigar til gåmeditasjon.

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Ta med:
Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler
og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon. Ta gjerne penn og notisblokk. Vi har
meditasjonsputer, krakkar og teppe til utlån men du er velkomen til å ta med din eigen.

Pris og overnatting:
Fredag-sundag kr.1200. Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar. Enkel overnatting er
gratis: i lavvu (inntil 6 pers), fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet
(madrass på gulvet i sovesal i meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.. Det er tilgang til
garderobe, dusj og wc

Dei som ønskjer meir komfortabel innkvartering kan kontakte www.hemsedal.com
Info om reisen; www.vy.no . Bussar frå Oslo og Bergen til Ulsåk i Hemsedal. Tog til Gol og
møtande lokalbus til Ulsåk. Deltakarar kan bli henta frå Ulsåk som er 2.2km frå garden.

Påmelding: Helst før 14. september for å hjelpe god organisering.
Merk; Du blir påmeldt ved først å ta kontakt for å sjekke om ledige plassar. Så betale det
aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Send då e-post eller ring Jem som set
deg på deltakerliste, kjøper inn mat og evt ordne soveplass.
Kontakt og meir info; Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-
post  jwilson@online.no
eller   info@heimvegen.com
Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!